
Grunnkurs Bre
NF Grunnkurs Bre med Fyrst og Fremst
- EndedEnded
- 990 norske kronerkr 990
Service Description
Dette er eit grunnleggjande brekurs etter standarden til Norsk Fjellsportforum. Det varar i 6dagar, og ein får moglegheit til å tileigne seg kunnskap og ferdigheiter til å kunne ferdast trygt på bre saman med andre som innehar same kompetanse. Det er difor ikkje eit breførar/guide-kurs, men ein plattform ein kan byggje vidare på. Anten fordi ein ynskjer å kunne bruke breane tryggare på eigahand, eller for dei som ser føre seg å arbeide med dette. DELTAKARAR Kurset krev ingen tidlegare erfaring med bre. Det er på eit grunnleggjande nivå, og er eit kurs vi har hatt for blant anna vidaregåande elevar i Nord-Gudbrandsdalen dei siste tre åra. - Vi nyttar i utgangspunktet området kring Bøverbrean, som er ein utstikkar frå Smørstabbrean - Vi har plass til 10 deltakarar, med 5stk per instruktør (ved stor interesse har vi moglegheit til å setja opp fleire instruktørar) INFORMASJON Utfyllande informasjon kjem seinare