UNIK NATUROPPLEVING 

med erfarne og lokalkjende vegleiarar

Du treng ikkje mykje erfaring for å vera med på store opplevingar med Fyrst og Fremst. Her er eit utval opplevingar som kan passe alle, uansett erfaring og fysisk form. Dette er turar der tre generasjonar kan på tur saman, og alle kan oppleva mestring. Det er og turar som ved få grep kan gjerast ekstra utfordrande, sjå nedst på sida om du er interessert i det

VÅRE AKTIVITETAR

  • GALDHØPIGGEN

    Sjølv om Galdhøpiggen er Norges høgste fjell, er dette ein tur dei fleste kan få til. Vi tilpassar turen til kvar enkelt, slik at alle som er med oss skal kjenne mestring og sitja att med ei god turoppleving.

  • BREVANDRING

    Ein dag i blåisen kan by på minne for livet, og turen kan tilpassast alle nivå og aldrar. Vi oppsøker området som krev bruk av isøks og stegjern, og nyttar tida til å utforske breen sine formasjonar.

  • GROTTETUR

    Kalksteinsgrottene i Dumdalen byr på underlege og utrulege formasjonar, og det i ei stillheit som berre vert brote av den mektige elvebrusen som dundrar gjennom dalen. 

  • SKI I JOTUNHEIMEN

    Vinter og vår er ei fantastisk tid for skiturar i Jotunheimen og Breheimen, med sesong langt ut i juni. Bli med på tur innover snødekte fjell, og opplev flotte nedkøyringar på over 1000 meter.

  • KURS

    Vil du lære meir om fjell-ferdsel?  Vi tilbyr tradisjonelle og tilpassa dagskurs, eller over fleire dagar. Du kan blant anna vera med på grunnkurs bre (NF-standarden), toppturkurs, skredkurs eller andre kurs om trygg ferdsel i høgfjellet.

  • SKREDDERSØM

    Ynskjer du tur med alt inkludert? Ta kontakt så kjem vi med tilbod på opplegg med det du ynskjer av aktivitetar, overnatting og mat. Veit du ikkje kva du ynskjer, kan vi koma med forslag til kva som er mogleg å finne på i området.

EI EKSTRA UTFORDRING

Jælma-pakkene er eit tilbod til deg som ynskjer ei ekstra utfordring. På desse turane legg vi opp til høgare vanskegrad. Det kan vera å gå til Galdhøpiggen via Vesle Galdhøpiggen, prøve å klatre ein loddrett vegg med to isøkser på Bøverbrean eller ta seg gjennom ekstra utfordrande grotter som krev klyving og bruk av tau. Les om dei planlagte turane under, eller ta kontakt for eit spesialtilpassa opplegg.

** under oppdatering **

Er du klar for eit eventyr?

 

Ta KONTAKT for å få eit skreddersyd opplegg som passar akkurat deg! 

Eller BOOK deg ein billett og sleng deg med på ein av våre planlagte aktivitetar.

Brubakken 2,

2686 Lom,

Norge

Tlf: +47 966 46 116

PS: Send oss ei melding eller ein mail om du ikkje får svar på tlf. Då er vi mest sannsynleg på tur med gjester, og har fokuset der. Nett som når du er med!

Kva skjer i

Fyrst og Fremst?

Følg oss

Org: 916450990

© Fyrst og Fremst 2018

Laget av IVK Design