Bedrift - Blåisvandring

Oppdagnigsferd i blåisen

  • Frå 4500 NOK
  • Oppmøte 47km vest for Lom, på parkeringa nedanfor Krossbu.

Tjenestebeskrivelse

Brevandring er ein 6 timers tur der du vil lære korleis isbreane har vore med å utforma Noreg gjennom tusenvis av år. Vi tek i bruk alle sansar denne dagen. Bøverbrean er ein del av den mektige Smørstabbreen som strekk seg ei mil frå Krossbu, rundt Storebjørn og ned mot Gravdalen. I løpet av dagen oppsøker vi fantastiske blåisformasjonar og utfordringar som er tilpassa gruppa. Vi har og hatt med bedrifter på kring 70stk, og har god erfaring med å tilpasse turen til vaksne. Turen vert då ein annan når det gjeld pausar, kva vi oppsøker og kva vi fortel om undervegs. Vi legg opp turen ut frå kva mål og ynskje bedrifta har med opplevinga. Minimum 3 og maksimum 6stk per førar. Vi tek på oss større grupper og arrangement, men vil fortsatt halde oss til 6:1 for å kunne gjeva personlege og tilpassa opplevingar. Ved turar med mange guidar på ei større gruppe, kan vi i nokre tilfelle vera meir enn 6 per guide. Ved spesielle førespurnadar kan vi og ta færre enn 3stk, spør oss gjerne om du lurar på noko.

Kommende økter

Kontaktinformasjon

0047 96646116

post@fyrstogfremst.no

Brubakken 2, Lom, Norge