Familie Bretur // Family Glacier tour

Oppdagnigsferd i blåisen // Explore the blue ice

  • Frå 4500 NOK
  • Brubakken

Tjenestebeskrivelse

Brevandring er ein 6 timers tur der du vil lære korleis isbreane har vore med å utforma Noreg gjennom tusenvis av år. Vi tek i bruk alle sansar denne dagen. Bøverbrean er ein del av den mektige Smørstabbreen som strekk seg ei mil frå Krossbu, rundt Storebjørn og ned mot Gravdalen. I løpet av dagen oppsøker vi fantastiske blåisformasjonar og utfordringar som er tilpassa gruppa. Vi har hatt med mange 6åringar som er i ekstase over å kunne utforske blåisen. Totalt er turen kring 6km, så dette er ei oppleving heile familien kan vera med på. Vi anbefaler likevel ikkje å gå turen noko tidlegare enn dette, både med tanke på motivasjon og at barna forstår kva dei er med på. Ventar ein til barna er klare vil dei ha meir ut av turen, overskot undervegs og kunne setja meir pris på opplevinga.

Kommende økter

Kontaktinformasjon

  • Brubakken 2, Lom, Norge

    0047 96646116

    post@fyrstogfremst.no