
Vær og føre er vanlegaste årsak til at ein ikkje når toppen av Store Skagastølstind, eller "Storen". I samarbeid med Vertikale Eventyr tilbyr vi no "Storen-pakka", som aukar sjansene dine til å nå toppen ved å leggje til ein ekstra dag med tur.
"Storen-pakka"
2,5 dag med det villaste Jotunheimen har å by på

I 1876 besteig den britiske fjellklatraren William Cecil Slingsby Store Skagastølstind", og markerte på mange måtar starten på Norsk Fjellsport og det bratte friluftsliv. Norges tredje høgaste topp, med ei høgde på 2405moh, er Storen beskrive som eit fjell av høg rang. I dag er Storen fortsatt ein av dei mest ettertrakta toppane i Norge som byr på luftig klaring i alpine omgjevnadar.
Store Skagastøsltind er ein svært krevjande tur. Sjølve klatringa er ikkje vanskelegare enn grad 3-4, men kan ikkje samanliknast med ei klatrerute i låglandet. Vær og føre kan vera annleis, ein har på seg meir klede, sekk og fjellsko, noko som gjer at klatringa er meir utfordrande enn ein kanskje er vant til.
Klatringa i seg sjølv er berre ein liten del ettersom mesteparten av turen er gåtur i ur og bratt lende. Dette gjer at ein må vera i svært god fysisk form, god til beins og vant til å gå lengje i ulendt terreng. Turen tek stort sett mellom 9-11 timar, og det med føresetnad om eit jamnt tempo gjennom heile dagen.
Eit godt fysisk overskot vil auke di sjanse til å kunne nå toppen, i tillegg vil det bidra til at du sit att med ei betre oppleving i fjellet. Vi ynskjer difor at du er godt førebudd. Ta gjerne kontakt for å få meir informasjon!
Pris
1 pers
2pers
kr 14.300,-
kr 19.400,-
Inkludert
-
Internasjonalt godkjent Tindevegleder (IFMGA), eller Tindevegleder under kvalifisering.
-
Nødvendig spesialutstyr til bre og klatring
Ikkje inkludert
-
Privat turutstyr
-
Nistepakke og drikke
-
Transport
Turinfo
Oppmøte
Oppmøte på Norsk Fjellsenter i Lom.
Dag 1: Ferdråd og klatreintro (3timar)
Vi fokuserar på klatreteknikk, pakking av sekk, nedfiring og andre teknikkar vi får bruk for på tur.
Dag 2: Bretur eller kortare klatretur (7timar)
Denne dagen kan turar som Skeie, Kalven, Store Austanbotntinden eller ein rein bretur til Bøverbrean eller Svellnosbrean vera aktuelle. Kva som blir aktuelt tilpassar vi etter vær og føre.
Dag 3: Store Skagastølstind (10-12timar)
Om forholda tilseier det så kan Store Skagastølstind bli endra til å gjennomførast på dag 2.
_________
Førebuing
Det er ein fordel med litt erfaring frå klatring, fjellturar og det å bevege seg i ulendt terreng. Dette er element ein kan førebu seg på å handtere, slik at du har godt overskot og får mest mogleg ut av desse dagane.
Sikkerheit
Ein trygg tur ligg til grunn i alt arbeidet vi gjer. Du vil difor ha med deg ein kvalifisert og erfaren guide på denne turen. Av deg som deltakar er det påkrevd å setja deg inn i informasjon i forkant av turen, ha med utstyret du treng og elles samarbeide med og følgje guiden sine føringar og tips undervegs på turen.
Forbehold
Jotunheimen kan by på raskt skiftande vêr, og vi tek forbehold om endringar i programmet. Det er difor vi legg opp til fleksibilitet med fleire dagar, men turen kan verte avlyst om forholda tilseier at det går utover sikkerheiten til gruppa. I slike tilfelle vil vi tilby eit alternativt opplegg. Vert turen avlyst av deltakar er det den enkelte si reiseforsikring som dekkjer dette.
Utstyr
Vi stiller med nødvendig bre-, klatre- og sikkerheitsutstyr. Det betyr normalt sett sele, hjelm, stegjern og isøks, evt. anna utstyr om tur og forhold tilseier det.
Kvar enkelt må sjølv ha klede til å halde varmen i fjellet den aktuelle dagen. Sjå nøye gjennom utstyrslista, og hugs at det kan vera alt frå 20 varmegrader til snøvêr i Jotunheimen, også i midten av juli.
Nokre nødvendigheiter:
-
Sekk på 30-40L
-
Stive fjellsko (stiv såle og støtte rundt ankel)
-
Turklede til å vera ute den aktuelle dagen
-
Eit ekstra varmeplagg
-
Lue og hansker (+buff)
-
Godt med mat og drikke
Elles anbefaler vi:
-
Ullundertøy innerst
-
Vann/vindtett jakke og bukse
-
Solbriller og solkrem
-
Sjokolade eller annan nødproviant
Overnatting
Overnatting må den enkelte ordne sjølv, og vi anbefaler Sognefjellshytta til dette opplegget. Det gjev fleksibilitet og nærleik til aktuelle turar og område for dei lengre turdagane. Skulle du ynskje å bu ein annan stad så går det fint, då kan vi og anbefale Lom sentrum, men det krev lengre kjøretur og tidlegare start på turdagane.
Andre ruter / alternativ
Andre ruter (Skagastølsryggen)
Ein meir krevjande tur til toppen er Skagastølsryggen. Denne kan anbefalast for dei som har vore på toppen før, eller som ynskjer litt ekstra utfordring. Turen følgjer ryggen heile vegen frå Nordre Skagastøsltind til Store Skagastølstind, via Mohns skar. Klaringa på denne turen er ikkje noko vanskelegare, men det er meir utsatt og luftig terreng. Dette gjer at turen krev klatreerfaring frå tidlegare. Turen krev 1:1, som vil si at vi berre går den med ein gjest per guide.
Andre alternativ
Ynskjer du å justere noko på opplegget for å få tilpassa det til dine ynskje eller behov, så er du velkommen til å kontakte oss.