top of page
GALDHØPIGGEN 

on top of Norway

Galdhøpiggen is the highest mountain in Norway, but even though a tour most people can do. We customize the tour to everyone in our group, so you can be certain to leave with a good experience from the tour with us.

Time

7 hours

Participants

3 - 12 per guide

Who can join this tour?

Families, kids, schoolclass, firms, the once who seek a challenge

SEASON: 1.JUNE - 1.OCTOBER

More information will come soon...

Price

Kids

Adult

Private guide

kr   550,-

kr   600,-

from kr 5500,-

Included

  • ​Experienced and local guide

  • Necessary glacier equipment

Not-included

  • Private gear, like clothes

  • Lunch pack and beverage

  • Roadtax to Juvasshytta (100,-)

Generelt
Turfakta

Turfakta

Oppmøte

Oppmøte på Norsk Fjellsenter kl. 07:45. Det er og mogleg å møtast direkte på Juvasshytta, ved innkøyring til parkeringa kl. 08:30 (ferdig pakka og klar til tur).

 

Frå ca. 1.juli - 15.august har vi faste turar, planlagt turar finn på vår booking.

Passar ikkje datoane er det berre å ta kontakt, så set vi opp fleire turar.

 

Antall

Minimum 3 og maksimum 12stk per førar. Vi tek på oss større grupper og arrangement, men vil fortsatt halde oss til 12 per guide for å kunne legge til rette for personlege og tilpassa opplevingar. Ved turar med mange guidar på ei gruppe, kan vi i nokre tilfelle vera meir enn 12 gjester per guide.

 

Vanskegrad

Dette er ein overkomeleg tur for dei fleste, og det er ikkje krav om erfaring med turar i fjellet. Det skal likevel seiast at det ikkje er ei ulempe om ein er vant til å gå tur og vera i aktivitet i om lag 7 timar. Litt førebuing kan gjera at ein sit att med enno meir etter turen, sjå tips til førebuing under.

 

Førebuing

Det er ikkje spesielle krav til denne turen, men i forkant av turen kan vi anbefale å gå nokre turar med ryggsekk i ulendt terreng og motbakkar. Eit eksempel kan vera ein liten tur i skogen både på og utanfor merka sti. Det vil kunne gjera at du har meir overskot i løpet av turen, og betre moglegheit til å nyte opplevinga.

 

Sikkerheit

Ein trygg tur ligg til grunn i alt vi gjer. Du vil derfor ha med deg ein erfaren og lokalkjend guide på denne turen, eventuelt i kombinasjon med ein aspirant som er med for å få meir erfaring. Av deltakarane er det påkrevd å setja seg inn i informasjon i forkant av turen, og ha med tilstrekkeleg med klede for å halde varmen heile dagen. Sjå difor nøye gjennom utstyrslista.
 

Forbehold

Jotunheimen kan by på raskt skiftande vêr, og vi tek forbehold om endringar i opprinneleg bestilling. Turen kan verte avlyst om vêret tilseier at det går utover sikkerheiten til gruppa. I slike tilfelle vil Fyrst og Fremst så snart det let seg gjera tilby eit alternativt opplegg for den aktuelle dagen. Vert turen derimot avlyst av deltakaren, er det den enkelte si reiseforsikring som dekkjer dette (om det føreligg godkjend årsak). Sjå råd om forsikring under.

Forsikring

Den enkelte må sjølv ha sjuke- og ulykkesforsikring på turen. Vi anbefalar å sjekke at forsikringa dekkjer følgjande:

  • Aktiviteten du har bestilt

  • Avbestilling

  • Ansvar

  • Tapt reisens formål (t.d. om du knekk ein arm eller vert sjuk i forkant av turen slik at det ikkje let seg gjera å stille opp på tur den aktuelle dagen. Ha difor ei forsikring som dekker tap av reisa sitt føremål).

Utstyr

Vi stiller med nødvendig bre- og sikkerheitsutstyr. Mot Galdhøpiggen inneber det som regel sele og tau. Om forholda tilseier at det er glatt over breen, så har vi i tillegg med brodder eller stegjern, alt etter kva som passar best for gruppa.

 

Kvar enkelt må sjølv ha klede til å halde varmen i fjellet den aktuelle dagen. Sjå nøye gjennom utstyrslista og hugs at det kan vera alt frå 20 varmegrader til snøvêr på Galdhøpiggen heile året, også i midten av juli.


Forslag til dagstursekk (ca 25-35 liter) og bekledning:

  • Ullundertøy innerst

  • Vann og vindtett jakke og bukse

  • Fleece, evt. dunjakke til å ha i pausane

  • Varme vottar/hanskar

  • Varm og vindtett lue

  • Godt fottøy (ikkje joggesko, men fjellsko)

  • Solbriller og solkrem

  • Varm / kald drikke

  • Sjokolade eller annan nødproviant

  • Niste for ein dag i fjellet

Varm og vindtett lue

Fleece / dunjakke

Ullundertøy

Vann- og vindtett jakke og bukse

Varme vottar/hanskar

Varm/kald drikke

Solbriller

Solkrem

Sjokolade

Kart

Fjellsko

Matpakke

Utstyr
Overnatting

Overnatting

Overnatting må den enkelte ordne sjølv, men vi kan skreddersy pakker som inneber både overnatting og mat. Her er nokre alternativ til overnatting, med beskrivande stikkord på den enkelte sine kvalitetar:​

  • Lista er under oppdatering og vil snarleg verte lagt ut

Alternativ

Ulike variantar av Galdhøpiggen:

 

Familie

Denne turen kan vera barnevenleg om det vert lagt opp til det. Vi gjennomfører turen i små grupper, som gjev fleksibilitet og moglegheit til individuell tilpassing. På familieturane har barnefamiliar fyrsterett, og turen vil verte lagt opp ut frå deira premiss. Det gjeld alt frå tempo, pausar, kvar vi stoppar og kva vi fortel om undervegs. Ynskjer du meir informasjon kan du kontakte oss her >

 

Skuleklasse

Vi har hatt med barne- og ungdomsskuleklassar med opp til 90 elevar. Vi held fortsatt eit lågt antall per guide, slik at alle elevane føler seg ivareteke og får best mogleg oppfølging gjennom heile turen. På same måte som familieturen, så vert turen lagt opp ut frå gruppestorleik og alder på elevane.

 

Bedrift

Vi har og hatt med bedrifter på kring 100stk, og har god erfaring med å tilpasse turen til vaksne. Turen vert då ein annan når det gjeld pausar og kva vi fortel om undervegs. Vi legg opp turen ut frå kva mål og ynskje bedrifta har med opplevinga.

 

Pluss

Dette er varianten for dei som ynskjer litt ekstra. Vi går her i et triangel med Galdhøpiggen fyrst, for så å gå på Vesle Galdhøpiggen på heimvegen. Denne er akkurat 100 meter lågare enn sin storebror.

 

Jælma

Dette er varianten for dei som ynskjer ein lengre og meir krevjande tur. Vi startar frå Spiterstulen, og går til Galdhøpiggen via Svellnosbreen. Nedatt går vi normalvegen frå Spiterstulen.


 

Alternative aktivitetar / severdigheiter:

  • Omvising på Norsk Fjellsenteret

  • Ein smak på Bakeriet i Lom

  • Lokal Øl og mat på Smak i Lom

  • Middag på Brimibue

  • Lom stavkyrkje

  • Fossheim steinsenter

  • Aktiv i Lom sin aktivitetspark og zip-line i Lom sentrum