top of page
 CAVING TOUR

-below ground in Dumdalen

As we make our way through the caves, you will discover beautiful surroundings and learn more about the formation of limestone caves over the past ten thousand years. This in a silence that are only occationaly interrupted by the deep murmur of the river. 

Time

2-5 hours

Participants

1-10 per guide

Who can join this tour?

Families, kids, schoolclass, firms, the once who seek a challenge

SEASON: 1.JUNE - 1.OCTOBER

More information will come soon...

Price

Kids

Adult

Private guide

kr   750,-

kr   850,-

from kr 5000,-

Included

  • ​Experienced and local guide

  • Helmet and headlamp

Not-included

  • Private gear, like clothes

  • Lunch pack and beverage

Generelt
Turfakta

Turfakta

Oppmøte

Inne ved bålet på Norsk Fjellsenter kl. 08:30 (ferdig pakka og klar til tur)

 

Frå 10.07 - 15.08 har vi faste turar, datoane kan du sjå her. Passar ikkje datoane er det berre å ta kontakt, så set vi opp fleire turar.

 

Antall

Minimum 1 og maksimum 10stk per førar. Vi tek på oss større grupper og arrangement, men vil fortsatt halde oss til 10:1 for å kunne gjeva personlege og tilpassa opplevingar. Ved turar med mange guidar på ei større gruppe, kan vi i nokre tilfelle vera meir enn 10 per guide.

 

Vanskegrad

Dette er ein overkomeleg tur for dei fleste, og det er ikkje krav om erfaring med turar i fjellet. Vi går ikkje lange avstandar denne dagen, men litt førebuing kan likevel gjera at ein sit att med enno meir etter turen, sjå tips til førebuing under.

 

Førebuing

Det er ikkje spesielle krav til denne turen, men i forkant av turen kan vi anbefale å gå nokre turar med ryggsekk i ulendt terreng og motbakkar. Eit eksempel kan vera ein liten tur i skogen både på og utanfor merka sti. Dette vil kunne bidra til at ein har meir overskot i løpet av turen, og dermed betre moglegheit til å nyte opplevinga

 

Sikkerheit

Ein trygg tur ligg til grunn i alt arbeidet vi gjer. Du vil derfor ha med deg ein erfaren og lokalkjend guide på denne turen, eventuelt i kombinasjon med ein aspirant som er med for å få meir erfaring. I tillegg vil det alltid vera maks 10 deltakarar per guide, dette for å gjera turen trygg og tilpassa alle som er med. Av deg som deltakar er det påkrevd å setja deg inn i informasjon i forkant av turen, og ha med tilstrekkeleg med klede for å halde varmen heile dagen. Sjå difor nøye gjennom utstyrslista.


 

Forbehold

Jotunheimen kan by på raskt skiftande vêr, og vi tek forbehold om endringar i tur. Turen kan verte avlyst om vêret tilseier at det går utover sikkerheiten til gruppa. I slike tilfelle vil Fyrst og Fremst så snart det let seg gjera tilby eit alternativt opplegg for den aktuelle dagen. Vert turen avlyst av deltakaren er det den enkelte si reiseforsikring som dekkjer dette, om det føreligg godkjend årsak. Sjå råd om forsikring under.

 

Forsikring

Den enkelte må sjølv ha sjuke- og ulykkesforsikring på turen. Vi anbefalar å sjekke at forsikringa dekkjer minimum følgjande:

  • Aktiviteten

  • Avbestilling

  • Tapt reisens formål (t.d. om du knekk ein arm eller vert sjuk i forkant av turen slik at det ikkje let seg gjera å stille opp på tur den aktuelle dagen. Ha difor ei forsikring som dekker tap av reisa sitt føremål).

Utstyr

Fyrst og Fremst stiller med hjelm og hovudlykt. Kvar enkelt må sjølv ha nok klede til å halde varmen den aktuelle dagen. Vi anbefaler og å ha klede ein kan godta at vert både våte og møkkete. Sjå nøye gjennom utstyrslista, og hugs at det midtsumars kan vera alt frå 20 varmegrader til snøvêr i området.


Forslag til dagstursekk (ca 30-40 liter) og bekledning:

  • Ullundertøy innerst

  • Vann og vindtett jakke og bukse

  • Fleece, evt. dunjakke til å ha i pausane

  • Varme vottar/hanskar

  • Varm og vindtett lue

  • Godt fottøy (ikkje joggesko, men fjellsko)

  • Solbriller og solkrem

  • Varm / kald drikke

  • Sjokolade eller annan nødproviant

  • Niste for ein dag i fjellet

Varm og vindtett lue

Fleece / dunjakke

Ullundertøy

Vann- og vindtett jakke og bukse

Varme vottar/hanskar

Varm/kald drikke

Solbriller

Solkrem

Sjokolade

Kart

Fjellsko

Matpakke

Utstyr
Overnatting

Overnatting

Overnatting må den enkelte ordne sjølv, men vi kan og etter ynskje skreddersy pakkar som inneber overnatting og mat. Her er nokre alternativ til overnatting, med beskrivande stikkord på den enkelte sine kvalitetar:

  • Lista er under oppdatering og vil snarleg verte lagt ut

Alternativ

Ulike variantar av Grottetur:

 

Familie

Denne turen kan vera barnevenleg om det vert lagt opp til det. Vi gjennomfører turen i små grupper, som gjev fleksibilitet og moglegheit til individuell tilpassing. På familieturane har barnefamiliar fyrsterett, og turen vil verte lagt opp ut frå barna sine premiss. Turen er på om lag 3timar, og vi nyttar trygge grotter utan utsatte hindringar. Ynskjer du meir informasjon kan du kontakte oss her.

 

Skuleklasse

Vi har hatt med barne- og ungdomsskuleklassar med opp til 90 elevar. På same måte som familieturen, så vert turen lagt opp ut frå gruppestorleik og alder på elevane. Vi nyttar trygge grotter og legg opp turen slik at alle elevane føler seg ivareteke og får best mogleg oppfølging gjennom heile turen. Det gjeld dei som ynskjer smale grotter, men og dei som ikkje ynskjer å inn i grottene i det heileteke.

 

Bedrift

Vi har og hatt med bedriftersgrupper i grottene, og har god erfaring med å tilpasse turen til vaksne. Turen vert då ein annan og ein kan nytte litt andre grotter enn når det er med barn. Vi legg opp turen ut frå kva mål og ynskje bedrifta har med opplevinga.

 

Jælma

Dette er varianten for dei som ynskjer ekstra utfordring og meir tid til å utforske undervegs. Vi bruker mykje av dei same grottene, men tilpassar med trangare variantar og meir utsatte hindringar. Eksempelvis bruk av tau der ein balanserar ved sida av elva som brusar gjennom grotta rett under føtene på ein.


 

Alternative aktivitetar / severdigheiter:

  • Omvising på Norsk Fjellsenteret

  • Ein smak på Bakeriet i Lom

  • Lokal Øl og mat på Smak i Lom

  • Middag på Brimibue

  • Lom stavkyrkje

  • Fossheim steinsenter

  • Aktiv i Lom sin aktivitetspark og zip-line i Lom sentrum