top of page
Iver_skreddersydd opplevelse i jotunheim
Fyrst og Fremst

Vi legg til rette for

trygge – lærerike – mestringsfylte

OPPLEVINGAR

På tur med Fyrst og Fremst skal ein kjenne seg ivareteken og trygg, samtidig som ein får utfordra seg og opplevd nye ting. Det er vårt utgangspunkt   for at du skal kunne oppleva mestring, samtidig som du har lært noko og utvikla dine ferdigheiter.

For at vi skal kunne leggje til rette for best mogleg tilpassa opplevingar for våre gjester, så arbeider vi i små grupper. På mange opplegg vil det seie 6 gjester per vegleder, men dette kan variere ut frå type tur. Med dette som utgangspunkt, kan kvar enkelt få moglegheit til å delta aktivt undervegs.

 

Vi tek og på oss større opplegg, men held fortsatt lågt antall per vegleder for å kunne leggje til rette for trygge, lærerike og mestringsfylte opplevingar.

 

Ynskjer du ei oppleving med oss, er du velkomen til tur i våre heimfjell. På denne nettsida finn du inspirasjon og forslag til varierte opplevingar med utgangspunkt i Lom, Jotunheimen og Breheimen.

 

Vi tilbyr noko for alle, så ta kontakt om vi skal hjelpe deg med å oppnå turane du drøymer om!

Vel møtt til tur med

Fyrst og Fremst

Bak firma står
Iver fra Fyrst og Fremst_guide Jotunheim

Iver Lund Aakre

HOVUDANSVARLEG FOR DET MESTE

Iver har 6-års høgare utdanning som lærar, med fokus på kroppsøving og friluftsliv. Pedagogikken ligg dermed til grunn i alt arbeid, med ein tanke om å leggje til rette for at kvar enkelt gjest får ei best mogleg oppleving på tur. Å drive Fyrst og Fremst har dei seinare åra utvikla seg til å verte hovudarbeidet, men dette blir kombinert med å vera leirskulelærar i delar av året. 

I 2021 vart Iver godkjend Skivegleder, etter eit tre år langt kvalifiseringsløp gjennom

Norske Tindevegledere. Denne spisskompetansa mot friluftsvegleiing og føring

ski i høgfjellet, vil vera med å styrke det vidare arbeidet i firmaet.

Skivegleder-Logo.png
NF-logo.jpg
bottom of page