Fjellopplevingar
i Jotunheimen
Fyrst og Fremst
Personlege opplevingar,
i små grupper
Ei oppleving med oss handlar fyrst og fremst om kvalitet, og at den skal vera personleg. For oss betyr det at kvar enkelt skal vera deltakande i opplevinga, noko vi får til gjennom små grupper på tur. Då kan vi tilpasse opplegget, slik at vi saman skapar minnerike augeblikk ute i naturen.
Vel møtt til tur med
Fyrst og Fremst
Eit minne for livet
VI TILBYR OPPLEVINGAR SOM
PASSAR FOR ALLE
Galdhøpiggen
- på toppen av Norge
Sjølv om Galdhøpiggen er Norges høgste fjell, er dette ein tur dei fleste kan få til. Vi tilpassar turen til kvar enkelt, slik at alle som er med oss skal kjenne på mestring og sitja att med
ei god turoppleving.
Brevandring
- oppdagingsferd i blåisen
Ein dag i blåisen kan by på eit minne for livet, og turen kan tilpassast alle nivå og aldrar. Vi oppsøker område som krev bruk av stegjern og isøks, og tek oss god tid til å utforske isbreensine formasjonar og skjulte skattar.
Kalksteinsgrottene i Dumdalen byr på underlege og utrulege bergformasjonar, og det i ei stillheit som berre vert brote av den mektige elvebrusen som dundrar gjennom dalen. Bli med under bakken å utforsk grotter som er grave ut dei siste 10.000 åra.
Grottetur
- under bakken i Dumdalen
Ski i Jotunheimen
- blandt landets høgaste fjell
Vil du lære meir om ferdsel i høgfjellet? Vi tilbyr både tradisjonelle og tilpassa kurs dagskurs, eller over fleire dagar. Du kan blant anna vera med på grunnkurs bre etter NF-standarden, toppturkurs, skredkurs, eller andre kurs innanfor områda trygg ferdsel i fjellet.
Kurs
- ski, bre, skred og trygg ferdsel
Ynskjer du ei pakke der alt er inkludert? Ta kontakt så kjem vi med tilbod på eit opplegg med det du måtte ynskje av både aktivitetar, overnatting og mat. Veit du ikkje kva du ynskjer, kan vi også koma med forslag til kva som er mogleg å finne på i området.