Vilkår for påmelding hjå Fyrst og Fremst AS
Det er viktig at du set deg inn i våre komplette vilkår før påmelding. Dei kan du laste ned her.
Nedanfor finn du kortversjon av informasjon vi vanlegvis får spørsmål om.
Vilkår for påmelding og betaling
Vi minner om at mange av våre aktivitetar foregår i eit miljø der det kan oppstå fare og ulykke. Vår viktigaste oppgåve er å ivareta sikkerheita, og det innebær av og til at vi ikke får gjennomført den planlagte turen, men i staden finn på eit alternativ. Det krev og at du er bevisst ditt eiga ansvar i deltaking på våre turar. Du må setja deg inn i turen / arrangementet du skal vera med på, og om du er usikker på om det passar for deg, må du ta kontakt med oss. Undervegs på tur må du følgje vegleiaren sine råd og/eller føringar, då dette i mange situasjonar kan vera avgjerande for å ivareta sikkerheiten.
* Alle deltakarar er ved bestilling av eit arrangement plikta å informere om sjukdom og/eller fysiske plager eller medisinske forhold, som kan vera relevante for å ivareta sikkerheten under den planlaget turen / arrangementet.
Påmelding og betaling
-
Avtala med våre vilkår, er å sjå som akseptert ved deltakar si skriftelege bekrefting og/eller gjennomført betaling
-
Booking av påmeldingstur skjer gjennom vårt online booking-system, og vert fullstendig betalt ved bestilling
-
For private turar eller større arrangement vert faktura sendt ut 60 dagar før turstart, med 10 dagars betalingsfrist
Avbestilling og refusjon
Vi tilbyr ikke avbestillingsbeskyttelse, reise- eller ulykkesforsikring på våre arrangement. Dette er den enkelte gjest sitt ansvar, og vi anbefaler å teikna eigen reise- og ulykkesforsikring som dekker den planlagte aktiviteten.
-
Ved avbestilling tidlegare enn 30 dagar før start, vert heile betalinga refundert
-
Ved avbestilling mellom 29 og 15 dagar før start, betaler du 25% av totalsum
-
Ved avbestilling mellom 14 og 8 dagar før start, betaler du 50% av totalsum
-
Ved avbestilling mindre enn 8 dagar før start eller utelatt oppmøte, betaler du 100% av totalsum
Dersom bestillinga omfattar fleire personar og totalprisen inneber rabatt eller avslag grunna deltakarantall - kan grunnlaget for rabatten falle bort om nokon avbestiller.
Flytting av arrangement
-
Arrangement kan flyttast, men spesielt på kort varsel krev det at vi får anna oppdrag på opprinneleg bestillingsdato.
-
Eventuell ny dato må avtalast ut frå kva vår kapasitet
-
For arrangement der andre kostnadar enn guide er inkludert, kan flytting medføre at andre kostnadar må dekkast.
Ved dårleg vær- eller føreforhold
-
Ved dårleg vær- eller føreforhold, kan vi måtte endre arrangementet. Vi vil i slike tilfelle tilby eit alternativt arrangement i same tidsrom, som er mest mogleg likt det opprinnelege. Deltakeren betaler i slike tilfelle for det arrangementet som blir gjennomført. Skulle deltakeren ikke ynskje å vera med på alternativet vi tilbyr, er det å rekne som ei avbestilling og vilkår for avbestilling er gjeldande.
Aldersgrense på våre arrangement
-
Vi har med mange barn på tur, og desse skal vera i følgje med foresatt
-
Ved bestilling ynskjer vi å bli informert om alder, slik at vi kan tilpasse turen best mogleg
-
Våre opne påmeldingsturar har minimumsalder for deltaking, som er spesifisert under kvar tur
-
Om barna ikke er gamle nok til gruppetur, så er dykk velkomne til å bestille privat tur
-
Du skal vera 18 år for å reise på tur utan føresatte, så framt ikkje noko anna er avtala
Komplette vilkår for påmelding, kan lastast ned her.