

GALDHØPIGGEN
på toppen av Norge
Å bestige Galdhøpiggen er ein tur som kan passe dei fleste, om det er ein barnefamilie, venegjeng eller ei gruppe som ynskjer ekstra utfordring. Uansett nivå, tilpassar vi turen slik at det vert ei best mogleg oppleving for heile gruppa. Bli med oss til Norge- og Nordeuropa sitt høgste fjell, 2469 meter over havet.
Tidsbruk
7,5 timar
Deltakarar
2 - 15
Kven passar turen for?
Familie, barn, skuleklasse, firma, den som søker ekstra utfordring
SESONG: 1.JUNI - 1.OKTOBER

Om turen
Vi startar på Juvasshytta, 1840 m.o.h. Det er 5,5km og 630 høgdemeter til toppen. Fyrste etappe går om lag 1,5 time i steinur og slakt terreng inn til Styggebreen. Her bitt vi oss i taulag, og brukar om lag ein time over isbreen. Siste og tyngste etappe går opp "Piggeura" som ikkje er så lang, men noko brattare. Totalt reknar vi om lag 7,5timar på turen, og det er medrekna gode pausar undervegs. Elles fortel vi gjerne om det vi har rundt oss, historia, landskapet og utviklinga av området sidan fjellturismen starta opp fyrst på 1800-talet.
Denne turen tilbyr vi hovudsakleg i private grupper, der vi tilpassar og legg og kvar enkelt tur til å passe den aktuelle gruppa best mogleg. Oppleving er gjennomgåande i alle våre turar, som betyr at ein tur til Galdhøpiggen skal vera eit minne ein kan tenkje attende på. Vi har difor ei grense på 15stk per guide for å kunne ivareta tryggleik og individuell tilpassing. Vi tek og på oss guiding av større grupper, men held fortsatt eit lågt antall gjester per guide.
Barn på Galdhøpiggen
Vi har hatt med mange 6-åringar som har satt seg mål om å bestige
Galdhøpiggen før dei startar på skulen. Dette er eit mål heile familien kan nå sumaren før skulestart. Vi anbefaler ikkje å gå turen noko tidlegare enn dette, både med tanke på motivasjon og at barna forstår kva dei er med på. Ventar ein til barna er klare for det, så vil dei ha meir ut av turen, overskot undervegs og i større grad kunne setja pris på opplevinga.
Av sikkerheitsmessige årsakar går vi ikkje til Galdhøpiggen med barn som må berast over isbreen (t.d. i bæremeis).
Pris
Privat gruppe
1-6pers
frå kr 5500,-
Privat gruppe
7-15pers
frå kr 6300,-
Inkludert
-
Kvalifisert og lokalkjend guide
-
Nødvendig breutstyr
Ikkje inkludert
-
Privat turutstyr
-
Nistepakke og drikke
-
Bomveg til Juvasshytta
Ting du kanskje lurar på?
