

I Dumdalen utforskar vi mange tusen år gamle grotter, som i hovudsak har vorte grave ut sidan siste istid. Den kalkrike berggrunn gjev eit rikt planteliv, slik at dalen i seg sjølv er ei oppleving. Ein kan utfordre seg etter ynskje, og for den eventyrlystne finst det alt frå store katedralar til smale nålauga ein vaksen person knapt kjem gjennom.
GROTTETUR
-under bakken i Dumdalen
Tidsbruk
2-5 timar
Deltakarar
1-10
Kven passar turen for?
Familie, barn, skuleklasse, firma, den som søker ekstra utfordring
SESONG: 1.JUNI - 1.OKTOBER

Om turen
Kalksteinsgrotter vert danna når vatn trenger gjennom sprekkar i fjellet, og det over tid løyser opp og fører med seg svake og vassløyselege bergartar. Grottene vil med det få ulik form, storleik, lengde, høgde og retning, alt etter kva fjellet består av og kor vatnet finn vegen. I Dumdalen, innunder Sognefjellet, finst det mange spektakulære grotter. Det er korte avstandar, og ein kan tilpasse kor trongt ein ynskjer det skal vera. Grottetur er difor ei oppleving som kan passe alt frå heile familien, til dei som ynskjer ein meir krevjande tur med bruk av sele og tau.
Oppmøte er på Norsk Fjellsenter i Lom sentrum. Frå her tek det 35min å køyre til Dumdalen. Frå parkeringa tek det 25 minutt å gå inn til fyrste grotte. På vegen stoppar vi å ser på kva som finst i Dumdalen, og korleis dette landskapet har vorte forma. Oppe ved fyrste grotte tek vi på klede, hjelm og hovudlykt før vi går inn.
Vi startar i det enkle med store opne grotter der lyset kjem inn gjennom sprekkar i fjellet. Lengre inn i dalen vert grottene lengre og smalare, og det einaste ljoset vi har til hjelp er frå hovudlykta. Om ein ikkje trivst under bakken, vil ein likevel kunne få ei storslått oppleving i idylliske Dumdalen. Den kalkrike berggrunn bidreg her til eit rikt planteliv, og spekakulære formasjonar finn vi så vel ute som "inne".
Barn på grottetur
Vi har hatt med 4 åringar som er i ekstase over å kunne utforske grottene. Totalt er turen berre 2-3km, så dette er ei oppleving heile familien kan vera med på. Vi anbefaler likevel ikkje å gå turen for tidleg, både med tanke på motivasjon og at barna forstår kva dei er med på. Ventar ein til barna er klare vil dei ha meir ut av turen, overskot undervegs og kunne setja meir pris på opplevinga.
Pris
Barn
Vaksen
Privat guide
kr 750,-
kr 850,-
frå kr 5000,-
Inkludert
-
Lokalkjend guide
-
Hjelm og hovudlykt
Ikkje inkludert
-
Privat turutstyr
-
Nistepakke og drikke