

BREVANDRING
-oppdagingsferd i blåisen
Dette er turen for deg som vil vera med å oppleva ein trygg og spanande dag i blåisen. Brevandring er som ein tur attende i tid, der vi utforskar isen og ser på korleis den har forma landskapet gjennom tusenvis av år. I løpet av ein slik tur oppsøker vi ulike formasjonar som bresprekkar, istårn, tunellar og holer.
Tidsbruk
5-6 timar
Deltakarar
2-8
Kven passar turen for?
Familie, barn, skuleklasse, firma, den som søker ekstra utfordring
SESONG: 1.JUNI - 1.OKTOBER

Om turen
Brevandring er ein 5-6timers tur, der du vil lære korleis isbreane har vore med å utforma Noreg gjennom tusenvis av år. Vi går gamle stigar innover frå Krossbu. Det er enkelt terreng å gå i, og vi legg opp til fleire stopp med prat om is og vatn, elver, delta, morenerygg, lav og mykje meir. Etter om lag 1,5time er vi inne ved brekanten, og tek ei lunsjpause før vi tek på breutstyret. Det vert fyrst ei praktisk innføring i korleis utstyret fungerar, før vi går ei runde for å utforske og oppleva dei spektakulære formasjonane.
Denne turen passar dei fleste då det er gode moglegheiter for tilpassing. I tillegg stiller vi med nødvendig spesialutstyr, og det einaste ein treng å ha med seg er klede til å vera ute ein dag, skjerpa sansar og ei god niste.
Om sumaren har vi gruppeturar 4-6dagar i veka, book deg ein plass HER - eller ta kontakt om du ynskjer privat guide for di gruppe.
Barn på bretur
Vi har hatt med mange 6åringar som er i ekstase over å kunne utforske blåisen. Totalt er turen kring 6km, så dette er ei oppleving heile familien kan vera med på. Vi anbefaler likevel ikkje å gå turen noko tidlegare enn dette, både med tanke på motivasjon og at barna forstår kva dei er med på. Ventar ein til barna er klare vil dei ha meir ut av turen, overskot undervegs og kunne setja meir pris på opplevinga.
Pris
Barn
Vaksen
Privat guide
kr 900,-
kr 1100,-
frå kr 6300,-
Inkludert
-
Lokalkjend guide
-
Nødvendig breutstyr
Ikkje inkludert
-
Privat turutstyr
-
Nistepakke og drikke