

Klassikaren i Jotunheimen
ein rundtur på fjellski frå hytte til hytte
Dette er ein av dei verkeleg klassiske skiturane i Jotunheimen. På denne turen får du oppleva det beste av Jotunheimen, både på ski gjennom fantastiske fjellområde,
og komfortabel overnatting på betjente hytter med fullpensjon og god mat.
Tidsbruk
5 dagar
Deltakarar
4 - 8
Kven passar turen for?
Med lange dagsetapper så bør du ha gått eindel på ski før og handtere lange dagar ute i fjellet

Booking gjer du ved å registrere antall personar på denne sida. Etter innsendt reservasjon blir du kontakta med meir informasjon om turen og utstyrsliste.
* Til informasjon så krev gjennomføring av denne turen minimum 4 deltakere
Turen følgjer dalføra og stikkaløype, slik at vi ikkje går oppom dei høgste toppane. Det er likevel ein krevjande skitur over 5 dagar, med sine 94km og 1974 høgdemeter. Avhengig av vær og føreforhold så kan vi gjera justeringer for å få best mogleg utbytte av kvar enkelt etappe.
Praktisk info:
Det er viktig at alle møter til ferdråd på Gjendesheim fyrste kveld. Her skal vi bli kjend med kvarandre, og guiden vil informere om turen, forholda og forventningsavklaring innad i gruppa. Vi går gjennom utstyret og sørgjer for at alle har med seg alt. Det blir i tillegg fordelt noko felles-/sikringsutstyr i gruppa. Ved påmelding får du tilsendt komplett pakkeliste.
Du vil ha med deg ein trygg vegleiar som tek vare på sikkerheita, lærer deg å bruke utstyret fornuftig, finn den beste snøen for fjellski og har mykje gode historiar, forteljingar og lokalkunnskap som gjer turen til ei oppleving du ikkje vil gløyme.
Skulle du vera i tvil om dette er noko for deg, kan du sende oss ein mail. Legg ved tlf.nr, så ringer vi deg for ein prat.
Pris
Per pers i open gruppe
frå kr 15 000,-
Inkludert
-
Sertifisert og lokalkjend guide
-
Overnatting med fullpensjon
-
Parkering og leige av fjellski**(**dersom du bur ei ekstra natt på Gjendesheim når vi kjem attende på dag 5 - den er ikke medrekna i pakkeprisen)
Ikkje inkludert
-
Privat tur- og skiutstyr
-
Drikke og anna servering utanom måltid
-
Sengetøy (ta med lakenpose eller leid sengetøy for eiga rekning
Utfyllande informasjon





