top of page
UNIK NATUROPPLEVING 

med erfarne og lokalkjende vegleiarar

Du treng ikkje mykje erfaring for å vera med på store opplevingar med Fyrst og Fremst. Her er eit utval opplevingar som kan passe alle, uansett erfaring og fysisk form. Dette er turar der tre generasjonar kan på tur saman, og alle kan oppleva mestring. Det er og turar som ved få grep kan gjerast ekstra utfordrande, sjå nedst på sida om du er interessert i det

VÅRE AKTIVITETAR

Utsikt - vest.jpeg
GALDHØPIGGEN

Sjølv om Galdhøpiggen er Norges høgste fjell, er dette ein tur dei fleste kan få til. Vi tilpassar turen til kvar enkelt, slik at alle som er med oss skal kjenne mestring og sitja att med ei god turoppleving.

Jan-Stefan Knick2.jpg
BREVANDRING

Ein dag i blåisen kan by på minne for livet, og turen kan tilpassast alle nivå og aldrar. Vi oppsøker området som krev bruk av isøks og stegjern, og nyttar tida til å utforske breen sine formasjonar.

IMG_20190815_112326_edited.jpg
GROTTETUR

Kalksteinsgrottene i Dumdalen byr på underlege og utrulege formasjonar, og det i ei stillheit som berre vert brote av den mektige elvebrusen som dundrar gjennom dalen. 

P3030169.JPG
SKI I JOTUNHEIMEN

Vinter og vår er ei fantastisk tid for skiturar i Jotunheimen og Breheimen, med sesong langt ut i juni. Bli med på tur innover snødekte fjell, og opplev flotte nedkøyringar på over 1000 meter.

Iver pause forklare.JPG
KURS

Vil du lære meir om fjell-ferdsel?  Vi tilbyr tradisjonelle og tilpassa dagskurs, eller over fleire dagar. Du kan blant anna vera med på grunnkurs bre (NF-standarden), toppturkurs, skredkurs eller andre kurs om trygg ferdsel i høgfjellet.

IMG_20190615_130644.jpg
SKREDDERSØM

Ynskjer du tur med alt inkludert? Ta kontakt så kjem vi med tilbod på opplegg med det du ynskjer av aktivitetar, overnatting og mat. Veit du ikkje kva du ynskjer, kan vi koma med forslag til kva som er mogleg å finne på i området.

EI EKSTRA UTFORDRING

Jælma-pakkene er eit tilbod til deg som ynskjer ei ekstra utfordring. På desse turane legg vi opp til høgare vanskegrad. Det kan vera å gå til Galdhøpiggen via Vesle Galdhøpiggen, prøve å klatre ein loddrett vegg med to isøkser på Bøverbrean eller ta seg gjennom ekstra utfordrande grotter som krev klyving og bruk av tau. Les om dei planlagte turane under, eller ta kontakt for eit spesialtilpassa opplegg.

​

​

** under oppdatering **

​

bottom of page