Fyrst og Fremst
Vi legg til rette for
trygge – lærerike – mestringsfylte
På tur med Fyrst og Fremst ynskjer vi at du skal kjenne deg ivareteken og trygg, samtidig som
du får utfordra deg og opplevd nye ting.
For at vi skal kunne leggje til rette for våre gjester, arbeider vi i små grupper på tur. Det vil ofte bety 6 gjester per guide, men vil variere ut frå type tur.
Vi tilbyr både opne påmeldingsturar i gruppe med andre, og privat guiding. Vi tek og på oss større arrangement, men held fortsatt eit lågt antall per vegleder for å kunne ivareta gruppa best mogleg.
Ynskjer du ei oppleving med oss, er du velkomen til tur i våre heimfjell. På denne nettsida finn du inspirasjon og forslag til varierte opplevingar med utgangspunkt i Lom, Jotunheimen og Breheimen.
Vi tilbyr noko for alle, så ta kontakt om vi skal hjelpe deg med å oppnå turane du drøymer om!
Bak firma står
Iver Lund Aakre
HOVUDANSVARLEG FOR DET MESTE
Iver har 6-års høgare utdanning som lærar, med fokus på kroppsøving og friluftsliv. Pedagogikken ligg dermed til grunn i alt arbeid, med ein tanke om å leggje til rette for at kvar enkelt gjest får ei best mogleg oppleving på tur. Å drive Fyrst og Fremst har dei seinare åra utvikla seg til å verte hovudarbeidet, men dette blir kombinert med å vera leirskulelærar i delar av året.
I 2021 vart Iver godkjend Skivegleder, etter eit tre år langt kvalifiseringsløp gjennom
Norske Tindevegledere. Denne spisskompetansa mot friluftsvegleiing og føring
på ski i høgfjellet, vil vera med å styrke det vidare arbeidet i firmaet.