

Skredkurs (2,5dag)
for at du skal kunne nyte trygge og fine turar
Eit skredkurs skal gjeva deg verktøy og hjelpemiddel til å kunne planlegge og gjennomføre trygge og fine skiturar i fjellet. Fokuset på dette kurset ligg i korleis ein kan handtere skredterreng på ein fornuftig måte, finne den trygge og gode snøen, samt kameratredning om uhellet er ute.
Tidsbruk
2,5 dag
Deltakarar
1 - 6
Kven passar turen for?
Deg med noko erfaring frå topptur, som ynskjer å lære meir for å kunne planlegge trygge turar på eigahand

Bli med oss på eit 2,5 dag skredkurs og få ei innføring i korleis du finn den trygge og gode snøen. Kurset er for deg som har noko erfaring med topptur frå før, og du vil lære meir om skredfare, turplanlegging og kameratredning.
Målsetting med kurset
Målet med skredkurset er å gjera deg bevisst på kva faktorar som påverkar skredfaren, og korleis du kan ferdast tryggast mogleg i potensielt skredfarleg terreng. Dette er eit praktisk kurs der det blir lagt opp til mest mogleg praktisk læring ute i elementet.
Aktuelle emner på kurset
-
Skredlære og bruk av skredvarselet
-
Vegval og vurdering undervegs
-
Faktorar som påverkar snødekket sin stabilitet
-
Snøkjennskap
-
Gruppeprosessar og risiko
-
Kjøremønster
-
Kart og orientering
-
Kameratredning med sender/mottaker utstyr (S/M)
Innhald i kurset, dag for dag, finn du under ofte stilte spørsmål.
Pris
frå kr. 3 500,- per deltaker
Inkludert
-
Sertifisert og lokalkjend guide
-
Ikkje inkludert
-
Privat tur- og skiutstyr
-
Overnatting
-
Transport
Ofte stilte spørsmål

